tirsdag 6. mars 2012

Six word short story

One man, one woman, one life.

Oppgåve B, 06.03.12

Mikal satt der på bussen og tenkte. Tenkte på livet og alle andre store spørsmål her i verden. Imens iPod-en hans begynte og spella av det rolige fløytespillet i «Stairway to Heaven» av Led Zeppelin. Han lukka auga og slappa av før Jimmy Page tok til og spela gitarsoloen nok ein gong. Da Mikal opna augo igjen var han allereie to stopp forbi der han skulla av. No var det heller ikkje lenger Led Zeppelin som fortrylla ørane hans, no hadde Franz Ferdinand akkurat begynt og spela på refrenget til «Take Me Out». Han skunda seg av bussen og begynte å gå heimover. På vegen spelte han nokre MUSE songar, for at han skulle gå fortare. Da han var heime, oppdaga han at han var aleine. Fantastisk tenkte han før han gjekk på rommet sitt, lukka døra, og spelte av «Con te Partiro» på høgtalarane. Sjølv om han ikkje likte opera så gått, var det noko med den songen som gjorde at han ble rolig til sinns. No kunne han slappe av, og imens Andrea Bocelli for andre gong song «Con te Partiro» gløymte Mikal alt stress og vonde ting her i verden. Skolen var bare eit gamalt minne. Så sovna Mikal for andre gong i dag.